Praksisrettleiing i møte med sårbare studentar
DOI:
https://doi.org/10.15845/ntvp.v9i1.3969Emneord (Nøkkelord):
praksisrettleiing, sårbarheit, studentføresetnader, relasjonelt mot, tilbakemeldingSammendrag
Intervjustudien som artikkelen bygger på undersøkte 10 praksislærarar sine erfaringar med rettleiing av studentar i praksis. Alle praksislærarane hadde minimum 15 studiepoeng rettleiarutdanning og hadde arbeidd meir enn ti år i barnehage. Gjennom individuelle intervju blei det særleg tydeleg kva for ulike dilemma desse praksislærarane opplevde i møte med studentane. Denne artikkelen set søkelyset på studentar si sårbarheit og undersøkjer følgjande problemstilling: Kva dilemma opplever praksislærarar i rettleiinga i møte med sårbare studentar i barnehagelærarutdanninga?
Artikkelen drøftar utfordringar knytt til rettleiing av studentar som strevar med faglege og personlege utfordringar. Særleg personlege føresetnader opptok praksislærarane. Mellom anna opplever dei i stadig større grad at studentar strevar med psykiske helse, noko som samsvarar med funn frå undersøkingar blant studentar generelt. Dette gjeld studentar praksislærarane vurderer å vere i ei gråsone der praksislærarane kjenner seg usikre på om den rettleiinga dei kan tilby er det studenten treng.
Praksislærarane legg vekt på å bygge relasjonar og å vere ei trygg base, men samstundes krev det relasjonelt mot å ta opp vanskelege saker og personlege forhold. Dei må balansere tilbakemeldingane slik at studenten ikkje trekker seg unna, men samtidig synleggjere forventningane til å vere barnehagelærar som del av vurderinga. Dette utfordrar det relasjonelle motet til praksislærar.
Artikkelen sitt søkelys på dilemma knytt til rettleiing av sårbare studentar i barnehagelærarutdanninga er i liten grad undersøkt tidlegare. Den kan såleis vere eit viktig bidrag til kvalitet i rettleiing, og kan danne grunnlag for viktige drøftingar i lærarutdanningane.
Referanser
Aspelin, J. (2018). Lärares relationskompetens: Vad är det? Hur kan den utvecklas? Liber.
Aristoteles (1973). Etikk: Et hovedverk i Aristoteles´ filosofi, også kalt «Den nikomakiske etikk». Gyldendal Norsk Forlag.
Bakhtin, M. (1981). The dialogic imagination: Four essays by M.M. Bakhtin. Red. M. Holquist. University of Minnesota Press.
Bakhtin, M. & Morris, P. (Red.). (1994). The Bakhtin reader: selected writings of Bakhtin, Medvedev and Voloshinov. Edward Arnold.
Bjørndal, C.R.P (2020). Student teachers` responses to critical mentor feedback: A study of face-saving strategies in teaching placements. Teaching and Teacher Education 91:103047 https://doi.org/10.1016/j.tate.2020.103047
Bjerkestrand, M. et al. (2017). Barnehagelærarutdanninga: Styrker, svakheiter og gjenstridige utfordringar. Sluttrapport frå Følgjegruppa for barnehagelærarutdanning til Kunnskapsdepartementet. Kunnskapsdepartementet.
Clarke, A., Triggs, V. & Nielsen, W. (2014). Cooperating teacher participation in teacher education A review of the literature. Review of Educational Research, 84(2), 163e202. https://doi.org/10.3102/0034654313499618
Creswell, J. W. (2012). Qualitative inquiry & research design: Choosing among five approaches (3. utg.). Sage.
Dysthe, O. (Red.). (2001). Dialog, samspel og læring. Abstrakt forlag.
Eide, S.B., Grelland, H.H., Kristiansen, A., Sævareid, H.I. & Aasland, D. (2008). Til den andres beste: En bok om veiledningens etikk. Gyldendal akademisk.
Eide, S.B., Grelland, H.H., Kristiansen, A., Sævareid, H.I. & Aasland, D. (2020). Til den andres beste: En bok om veiledningens etikk (2. utg.). Gyldendal akademisk.
Grimen, H. (2001). Tillit og makt – tre samanhengar. Tidsskr. Norsk Lægeforening nr. 30, 2001; 121 (3617–9)
Hegerstrøm, T. (2018). Til glede og besvær – praksis i høyere utdanning (NOKUT-rapport nr.3). https://www.nokut.no/globalassets/nokut/rapporter/ua/2018/hegerstrom_turid_til_glede_og_besvar_praksis_i_hoyere_utdanning_3-2018.pdf
Igland, M.A.& Dysthe, O. (2001). Michail Bakhtin og sosiokulturell teori. I Dysthe (Red.). Dialog, samspel og læring. Abstract forlag.
Kildahl, K. (Red.) (2020). Skikket for yrket? Skikkethetsvurdering i profesjonsutdanninger. Universitetsforlaget.
Kildahl, K. (2022). Vi utdanner uskikkede barnehagelærere. Første Steg.
Kunnskapsdepartementet (2012). Nasjonale retningslinjer for barnehagelærereutdanning.
Kvale, S. Brinkmann, S. (2009). Det kvalitative forskningsintervju (2.utg). Gyldendal Akademisk.
Lejonberg, E. og Føinum, M. (2018). Hva er god veiledning? Fagbokforlaget.
Løgstrup, K.E. (1983) System og symbol: Essays. Gyldendal.
Løgstrup, K.E. (1997). Den etiske fordring. Gyldendal.
Moxnes, A.R (2016). Refleksjon i barnehagelærerutdanningen. Tidsskrift for nordisk barnehageforskning, 12(7), 1-13.
Munthe, E., Bergene, A.C, ten Braak, D, Furenes, M.I., Gilje, T.M, Keles, S., Ruud, E. og S. Wollscheid (2020). Systematisk kunnskapsoppsummering utdanningssektoren. Norsk pedagogisk tidsskrift, 106(2). s. 133-144. https://doi.org/10.18261/npt.106.2.5
NOKUT. Studiebarometeret https://www.studiebarometeret.no lasta ned 14.05.23
Schibbye, A.-L. L. (2009). Relasjoner: Et dialektisk perspektiv på eksistensiell og psykodynamisk psykoterapi (2.utg.). Universitetsforlaget.
Schibbye, A.-L. L. (2011). Læringsprosesser i veiledning belyst med utvalgte relasjonsbegreper. I M.H. Rønnestad & S. Reichelt (Red.) Veiledning i psykoterapeutisk arbeid (s. 67-78). Universitetsforlaget.
Sivertsen, B. & Johansen, MS. Studentenes helse- og trivselsundersøkelse 2022. Oslo: Studentsamskipnaden SiO, 2022.
Sivertsen, B. & Johansen, MS. “[Prevalence of mental disorders among Norwegian college and university students: a SHoT report]. Oslo: Studentsamskipnaden SiO, 2023.
Spurkeland, J. (2017). Relasjonsledelse (5. utg.). Universitetsforlaget.
Steinnes, G.S (2014). Profesjonalitet under press? Ein studie av førskulelærarar si meistring av rolla i lys av kvalifiseringa til yrket og arbeidsdelinga med assistentane [Doktorgradsavhandling]. Høgskolen i Oslo og Akershus.
Søndenå, K. (2002). Tradisjon og transcendens: ein fenomenologisk studie av refleksjon i norsk førskulelærarutdanning [Doktorgradsavhandling]. Acta Universitatis Gothoburgensis.
Søndenå, K. (2004). Kraftfull refleksjon i lærarutdanninga. Abstrakt forlag.
Sørensen, Y. & Bjørndal, K. E. W. (2021). Sentrale områder i praksisopplæringen for lærerstudenters profesjonelle utvikling – en systematisk forskningsgjennomgang (2005–2020). Nordisk tidsskrift for utdanning og praksis, 15(3), 38– 69. https://doi.org/10.23865/up.v15.2640
Tjora, A. (2021). Kvalitative forskningsmetoder i praksis (4. utg.). Gyldendal.
Worum, K. & Bjørndal, C.R.P. (2018). Studenters oppfatninger av god og dårlig praksisveiledning i barnehagelærerutdanning. Nordvei, 3(1), s.1-17
Nedlastinger
Publisert
Hvordan referere
Utgave
Seksjon
Lisens
Opphavsrett 2024 Gerd Sylvi Steinnes, Kari Pauline Longva
Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution 4.0 International License.