REFLEKSJONER ETTER workshop om refleksjon på EAHIL 2010

Forfattere

  • Irene Hunskår

Sammendrag

I forkant av årets EAHIL-konferanse i Lisboa, var det to dagar med ulike workshop. Det var mykje spennande å velje mellom, men når eg såg at Barbara Sen frå University of Sheffield skulle ha eit kurs om refleksjon, vart valet lett for meg. Eg har høyrt at kursa hennar er gode og sidan bruk av refleksjon og skriving av refleksjonsnotat er blitt såpass utbreitt i profesjonsutdanningane, i alle fall i sjukepleiarutdanningane, ville eg gjerne lære meir om dette. Barbara Sen har tidlegare halde kurs om det same temaet på EAHIL i Dublin i 2009. Tittelen på årets kurs var ”The use of group reflection to evaluate projects: using the knowledge we have to create seas of change”. Refleksjon er ofte ein einsam prosess, men Sen ville vise oss måtar å jobbe med refleksjon i grupper og team, til dømes når ein held på med eit prosjekt i biblioteket. I det følgande vil eg prøve å gjengje litt av inntrykka eg sit att med etter å ha delteke på dette kurset og reflektere over kva vi som bibliotekarar kan bruke refleksjon til i vår profesjonelle praksis.

Nedlastinger

Hvordan referere

Hunskår, I. (2010). REFLEKSJONER ETTER workshop om refleksjon på EAHIL 2010. SMH-nytt, 35(1/2). Hentet fra https://boap.uib.no/index.php/smhn/article/view/88

Utgave

Seksjon

Artikler