Bibliotekarens time - innføring av KBP i ei deltidsutdanning
Sammendrag
Fleire og fleire av utdanningane innan helse- og sosialfag har innført kunnskapsbasert praksis som metode, både på bachelornivå og innanfor vidareutdanningane. Dette fører til krav om meir bibliotekopplæring både frå studentane og frå dei fagleg tilsette. ”Bibliotekarens time” er eit undervisningsopplegg som eg utvikla saman med, og for ei vidareutdanning innanfor helsefag i forbindelse med at dei skulle integrere kunnskapsbasert praksis i utdanninga. Sidan timeplanen alt var lagt for hausten, måtte den ekstra bibliotekundervisninga leggast etter ordinær undervisningstid. Det var ønskje frå utdanninga at biblioteket skulle komme inn kvar gong studentane var inne (ca. kvar fjerde veke) og ha små ”bibliotekdrypp” i staden for ein halv dag med opplæring. Dette valet blei gjort både utifrå ei praktisk tilnærming til opplegget, men også utifrå ei erkjenning av at stoffet kan opplevast som vanskeleg for studentane og ein repetisjon kvar gong dei var inne i studieveka kunne hjelpe til at læreprosessen skulle bli betre. Vi valde difor å satse på ein slik modell med fleire kortare biblioteksesjonar, sjølv om biblioteket ikkje hadde noko erfaring med eit slikt opplegg frå før.Nedlastinger
Hvordan referere
Hunskår, I. (2008). Bibliotekarens time - innføring av KBP i ei deltidsutdanning. SMH-nytt, 33(1/2). Hentet fra https://boap.uib.no/index.php/smhn/article/view/2
Utgave
Seksjon
Inntrykk fra SMH-dagene